Prosjektaktivitetar

Bakgrunn

Forskingsprosjektet i VRI Sogn og Fjordane 2011-2013 skal studere innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane, ein region karakterisert av spreidd busetnad, ingen store byar, men mange små tettstader.  Regionen har mange utfordringar ein flyttestraum som fører til at unge i aldersgruppa 20-40 flytter meir ut enn inn, eit næringsliv med ein samansetting som gjer at lønnsemd og lønnsnivå er lågt og ein region med lågt utdanningsnivå.  Likevel er der innovative miljø, og prosjektet skal undersøke dynamikken i, vilkår for og barrierar i innovasjonssystemet i regionen gjennom å undersøke eksisterande og veksande innovative nettverk; bruken av kunnskaps- og relasjonsressursar i arbeidet med å mobilisere til innovasjon, og utvikling av innovative og konkurransedyktige verksemder.

Metode og empiri

Prosjektet skal bruke både kvalitative og kvantitative metodar (t.d. både personlege intervju og spørjeundersøkingar), men hovudtyngda vil vere baserast på kvalitative metodar. Forskingsspørsmålet vårt er om dei gjeldande teoriane for innovasjonar gjeld i eit ruralt område som Sogn og Fjordane. Det betyr at vi tar ei brei tilnærming til temaet, ei slik tilnærming vil ha element av Grounded Theory. For å følgje dei relevante samarbeidsarenaer i fylket, vil vi måtte bruke følgjeforsking og aksjonsforsking. I Sogn og Fjordane er det tette koplingar mellom næringsliv, offentlege institusjonar og forsking. Forskarar frå Høgskulen og Vestlandsforsking har nøkkelroller i fleire av dei innovative nettverka. Det gjer at metodane vi vel for å tilnærme oss desse samarbeidsarenaane, må ta høgde for dette.

Ønska resultat

Empirien vi finn i Sogn og Fjordane og det den fortel oss, vil vere styrande for arbeidet i prosjektet. Empiri frå Sogn og Fjordane skal drøftast i forhold til eit utval teoriar for å finne forklaringar på at ulike innovasjonssamarbeid fungerer godt eller dårleg. På det viset bygger ein kunnskap for og om Sogn og Fjordane. Ein slik vidareutvikla rural innovasjonsteori kan gi grunnlag for politikkutforming nasjonalt, men for VRI Sogn og Fjordane er det dei regionale implikasjonane som er vesentlige. Når vi har betre kunnskap om Sogn og Fjordane; kva som fungerer godt og dårleg i ulike samanhengar, så vil det kunne påverke korleis vi arbeider i VRI Sogn og Fjordane og korleis partnarskapen utformar innovasjonspolitikk i framtida.

Prosjektaktivitetar


Innebygd bilde 1

 

 

Prosjektet arbeider med å avdekke ulike deler av innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane gjennom to hovudaktivitetar (vi har då slått saman punkt a) og b) ovanfor:

  • Kunnskap om innovasjonssystem og nettverk i Sogn og Fjordane
  • Kunnskap om utvikling av innovative og konkurransedyktige bedrifter

 

Det blir arbeidd parallelt med desse aktivitetane, og kvar av dei omfattar fleire deloppgåver.  Under omtalar vi nærare dei ulike prosjektaktivitetane.

Utvikling og drift av nye og etablerte nettverk

Vi har for lite kunnskap om korleis ulike innovasjonssystem og nettverk arbeider og kva resultat dei bidrar til i regionen og i bedriftene. Prosjektet skal samle informasjon om og skaffe kunnskap om korleis ulike innovasjonssystem og nettverk fungerer, vi vil ha merksemd på strukturelle og funksjonelle eigenskaper i nettverka og korleis dei opererer lokalt eller regionalt.  Identifisering av strukturelle og funksjonelle mønster som skil seg ut og som kan danne grunnlag for læring og politikk utforming

Vi vil særleg sjå på korleis dei arbeider i nettverket og nyttar kunnskaps ressursar lokalt, regionalt og nasjonalt og spesielt korleis dei knyter til seg kunnskapsressursar.

For å avgrense prosjektet vil vi velje ut 5-10 nettverk som vi vil studere nærare. Døme på slike nettverk kan vere maritim foreining, vindkraftforum og it-forum. Men endeleg standpunkt til kva nettverk vi skal studere er enno ikkje teke.

Utvikling av innovative og konkurransedyktige bedrifter

Her ønskjer vi å sjå på tilbod og etterspørsel av arbeidskraft, og på effekten av ulike typar utviklingstiltak retta mot bedrifter.

Tilbod av arbeidskraft: Ungdomsundersøkinga

Ein sentral føresetnad for regional utvikling er tilgang på kompetent arbeidskraft. Det er derfor viktig for framtidig politikkutforming å kartlegge kva faktorar ungdommar legg vekt på når dei planlegg si yrkeskarriere. Vi vil derfor gjennomføre ei spørjeundersøking i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, blant dei som er aktive på Framtidsfylkets nettsider (nettportalen framtidsfylket.no og Facebook) og blant noverande og tidlegare traineear i regi av Framtidsfylket. Spørjeundersøkinga har som føremål å kartlegge ungdommars haldningar til entreprenørskap og til det å bu og arbeide i rurale strøk.

Etterspørsel etter arbeidskraft: Arbeidsmarknadsundersøkinga

(Tekst kjem)

Effekten av ulike typar utviklingstiltak

Vi ønskjer å finne ut om bedrifter som har fått ekstern hjelp til utviklingstiltak faktisk har hatt nytte av hjelpa slik at dei har vorte betre, både når det gjeld organisasjon og leiing og når det gjeld økonomiske indikatorar. Kvalitative data om utvikling av strategiar, leiing, kompetanse og nettverk vil bli henta inn gjennom intervju, medan data vedrørande økonomiske indikatorar (resultat, omsetning, eigenkapital, likviditet, sysselsetting) vil bli henta frå offentleg statistikk. Samanlikningsgrunnlaget for økonomiske indikatorar vil vere gjennomsnittleg utvikling (av t.d. omsetning) i den bransjen bedrifta høyrer til.

Døme på tiltak vi ønskjer å evaluere: SMB-utvikling, kompetansemekling og private initiativ (private næringsparkar).

  • SMB-utvikling: Bedrifter får støtte til ekstern konsulent for å utvikle ein innovasjon (treng ikkje vere teknologisk, kan vere organisatorisk)
  • Kompetansemekling: Meklaren formidlar kontakt for deltakande bedrifter til relevante forskingsmiljø for utvikling av innovasjon
  • Private initiativ: Det kan vere interessant å sjå korleis bedrifter som deltek i ein privat næringshage (utan offentleg støtte) klarar seg i forhold til andre bedrifter i same bransje.

Ei metodisk utfordring her er å isolere effekten av dei tiltaka vi studerer frå andre tiltak. Dette vil bli eit viktig tema i intervjua med bedriftene.