Sluttrapportar i VRI2, oppfølging og om VRI RECIN 2014-2016

Prosjektet «Innovation in rural places – conditions and barriers» har undersøkt dynamikken i dei innovative miljøa i Sogn og Fjordane, ein region karakterisert av spreidd busetnad, ingen store byar, men mange små tettstader. No er alle sluttrapportane ferdigstilte. Du kan laste dei 10 prosjektrapportane ned her (sjå publikasjonar i høgre kolonne).

Prosjektgruppa er særs godt nøgd med prosjektresultata og samarbeidet undervegs.

Vi jobbar no med oppfølging for Sogn og Fjordane fylkeskommune i form av ein nettverksrettleiar samt med akademiske publikasjonar.

Vi vil og takke for all interessa som er vist for tema.

No er vi glade for å få vidareføre arbeidet og utvikle oss fagleg i eit nytt og spanande forskingsprosjekt, RECIN.  Her samarbeider vi med andre spennande FoU-miljø!

«Prosjektet «Regional Challenges and possibilities – Innovation and value creation in
business networks» skal se på hvordan deltakelse i nettverk og klynger bidrar til
kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping for bedriftene. Nettverk og klynger i de
fire regionene Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Rogaland og Østfold skal studeres»

Du kan lese meir om prosjektet på dette faktarket.

Vi skal sjå på på maritme nettverk i Sogn og Fjordane, slik Møre og Romsdal ogRogaland skal i sine fylke. Her ligg det til rette for mykje lærdom frå miljø og nettverk i ulik fase av si utvikling.

Det vert nye lærerike år fram til 31.12.2016!

God jul!

 

Tango for tre (Kronikk/Debattinnlegg)

Ingjerd Skogseid og Jon Gunnar Nesse har forfatta ein kronikk som har vore på trykk i Sogn Avis og Firda, siste veka.

Bakgrunnen er funn i VRI om innovasjon: Samarbeid mellom næringsliv, forskings- og utviklingsverksemder og offentleg sektor er ein måte å auke verdiskapinga.

Sjå debattinnlegg i Firda 10.07.2014.

Rapport frå tre år med godt FoU-samarbeid (VRI)

Resultatrapport frå prosjekt: Innovasjon i Sogn og Fjordane – vilkår og barrierar er no tilgjengeleg.

Du finn dei hjå Vestlandsforsking i form av ein stor sluttrapport og ein kortare resultatrapport.

VRI S&F med to forskingsartiklar i PLAN

Forskarane Øyvind Heimset Larsen, Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun i VRI S&F er medforfattarar i to artiklar publisert i nr 6-2013 av PLAN, tidsskrift for samfunnsplanlegging, bolig og byplan og regional utvikling.

Forskingsrådet oppmoda VRI-prosjekta om bidrag til PLAN og vi er glade for å ha lukkast med å arbeide fram to av dei fire VRI-artiklane som tidsskriftet valde ut. Dei to artiklane er:

Kampen om kompetansen – Innovasjon og rekrutterings-utfordringar i regionalt perspektiv (side 10-16)
av Finn Ove Båtevik, Gro Marit Grimsrud, Jon Gunnar Nesse, Etty R. Nilsen, Else Ragni Yttredal & Torbjørn Årethun

RIS-modellen: Relevant for perifere regioner? (side 16-23)
av James Karlsen, Arne Isaksen, Øyvind Heimset Larsen, Ingjerd Skogseid & Vigdis Nygaard

 

Dei to artiklane finn du her

 

Flyttestraumar- mediesak om resultat i VRI-prosjektet

VRI-prosjektet har undersøkt flyttestraumar i fylket

Prosjektet har undersøkt innsatsfaktoren «Tilbod av arbeidskraft» og korleis denne påverkar innovasjonssystemet. I delprosjektet «Migrasjon av arbeidskraft & Etterspurnaden etter arbeidskraft» er det mellom anna søkt om tilgang til og analysert data (innhenta på dispensasjon) frå SSB om flyttestraumar og avgang og tilgang på bedrifter og arbeidskraft i bedrifter i Sogn og Fjordane.

Her har Førstelektor Torbjørn Årethun ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har sett nærare på kven det er som flyttar frå fylket. Ved å studere tal henta frå SSB har han funne at fråflytting tappar fylket for arbeidskraft.

Nrk SFj omtalar dette 08.11.2013 i «Høgt utdanna flyktar frå fylket». Saka har og fått omtale i Firda.

Funna Årethun har gjort i prosjektet vart presentert i seminaret på Skei 16.10.2013. Du finn lenkje til presentasjonen hans i nyhetssaka om seminaret.

Seminar om innovasjon og innovasjonssystem i SFj: Tema er nettverka

Dato: 16.10.2013 kl 1000‐1515
Stad: Skei hotell

Innovasjon i Sogn og Fjordane? Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og spennande arbeidsplassar.

Innovasjon og nettverk er hovudtema når Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar. Etter å ha funne over 100 nettverk i fylket har vi studert FEM ulike nettverk for å finne ut korleis dei arbeider og legg til rette for innovasjon. Nettverka vi vil presentere resultat frå er Energiregion Sogn og Fjordane, Frukt og bær-klynga, aktivitetsbaset reiseliv, IT-Forum Sogn og Fjordane og to døme frå marin næring. Nettverka varierer i organisering, størrelse, alder og målsetting. Vidare presenterer vi nye funn knytt til flyttestraumar og spør om masterstudium er redninga for å behalde kompetansen. Seminaret vil legge vekt på dialog og drøfting av funna.

1000‐1010 Velkomst og kort om prosjektet – Direktør VF, Agnes Landstad, og Ingjerd Skogseid: Introduksjon om prosjektet og seminaret

1010‐1045 Er masterstudium redninga? Ungdom, flyttestraumar og kompetanse. Torbjørn Årethun:  Etterspurnad og tilgong på arbeidskraft

1045‐1100 Nettverkskartlegginga i Sogn og Fjordane: Korleis har vi arbeidd? Kvifor gjer vi dette? Frå 100 til 5 nettverk. Korleis kan vi analysere dei?

1100‐1200 Kva har vi funne ut om nettverka? Presentasjon av case frå Energiregion Sogn og Fjordane, Frukt og bær-klynga, aktivitetsbaset reiseliv, IT-Forum Sogn og Fjordane og to døme frå marin næring – spørsmål og drøfting Jon Gunnar Nesse om Energiregion SFj , Kristin Løseth om Aktivitetsbasert reiseliv

1200‐1245 Lunsj

1245‐1415 Kva har vi funne ut om nettverka? – (framhald)Øyvind Heimset Larsen om To marine case og eit nettverk , Guttorm Flatabø om IT-forum Sogn og Fjordane,  Kristine Skarbø om Frukt og grønt-nettverket i SFj

1415-1510 Kva betyr dette for verdiskaping i Sogn og Fjordane? For korleis legge til rette for innovasjon gjennom planprogram, slik som den kommande Verdiskapingsplanen. Presentasjon og drøfting leda av Ingjerd Skogseid og Jon Gunnar Nesse :Analyse

1510-1515 Kva forskar vi vidare på i VRI ?

Det deltok 33 aktive deltakarar på seminaret. Deltakerliste VRI2 Samling 1610

Påmelding til Øyvind Heimset Larsen  ohl@vestforsk.no tlf: 971 06 454 innan måndag 14.10.2013

VRI står for Virkemiddel for regional FOU og innovasjon. Prosjektet VRI 2011-13 som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Norges Forskingsråd.  Innan VRI er det danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.

Kontaktperson forskarprosjekt Prosjektleiar Ingjerd Skogseid Telefon: 916 96 016

ingjerd.skogseid@vestforsk.no

Nettstad: prosjekt.vestforsk.no/vri

Kontaktperson samhandlingsprosjekt

Prosjektleiar Jøril Hovland
Telefon: 482 19 780 joeril@kpsf.no

Nettstad: http://www.vrisfj.no/

Presentasjon på ICESAL 2013, Utrecht

B. P. Bhatta og Jon Gunnar Nesse, HiSF, presenterte funn frå prosjektet i eit akseptert paper på The 10th International Conference on Enterprise Systems, Accounting and Logistics 2013 (10th ICESAL 2013) 5-8.juni, Utrecht.

Vi er godt nøgde med at paperet “Measures of Motivating Females to Establish an Enterprise in Peripheral and Marginal Regions: An Ordered Logit Analysis” no er med i proceedings, sjå http://www.icesal.org/proceedings.html

Presentasjonaer frå seminar om innovasjon og innovasjonssystem i SFj 14.juni : Tema rekruttering

Seminaret fredag 14.juni vart vellukka, med gode diskusjonar og godt oppmøte.
21 var påmeldt frå fylkesmann, fylkeskommune, HiSF, Vestlandsforsking, Møreforsking, NHO, Kunnskapsparken, Sogn Næring, KUR og Aurlandsprosjektet m.fl

Temaet engasjerte deltakarane sterkt, og diskusjonane gav nye problemstillingar og vinklingar å følgje opp vidare.

Presentasjonane er lagt ved (1. Innleiing om prosjektet- Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking. 2. Resultat VRI SFj- Jon Gunnar Nesse/Torbjørn Aarethun. 3. Resultat VRI Møre- Finn Ove Båtevik)

innleiingseminarjuniSFMØRE

Innlegg_Læringsarena_VRI_14062013

Presentasjon VRI Sogn og Fjordane

Seminar om innovasjon og innovasjonssystem i SFj: Tema rekruttering

Dato: 14.06.2013 kl 1000‐1400

Stad:  Fosshaugane Campus, Sogndal (Fossbygget F220 i 2.etasje)

 

Innovasjon i Sogn og Fjordane? Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og som så søker høgare utdanning og spennande arbeidsplassar i næringslivet.

Klarer vi nytte dei ressursane vi har til det beste? Kva ramme er det for innovasjon i grisgrendte fylke som Sogn og Fjordane? Korleis arbeider vi med innovasjon? Er ungdommen motivert for å arbeide og bu her?

 

Rekruttering av arbeidskraft er hovudtema når Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar om innovasjon og innovasjonssystem i Sogn og Fjordane i samarbeid med VRI Møre og Romsdal.

I prosjektet VRI 2011-13 « Innovasjon i rurale områder – vilkår og barrierar» er vi opptekne av korleis vi legg til rette for innovasjon for å få best mulig utvikling i fylket.

Agenda:

1000‐1015 Velkomen og kort om prosjektet ved Øyvind Heimset Larsen og Jon Gunnar Nesse

1015‐1115 Kva særpregar ungdommar og unge vaksne som har lyst til å bu og arbeide i Sogn og Fjordane?  Torbjørn Årethun og Jon Gunnar Nesse om funn i VRI SFj

1115‐1130 Open diskusjon

1130‐1215 Lunch

1215‐1330 Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft? Finn Ove Båtevik frå Møreforsking/Høgskulen i Volda om funn i VRI Møre

1330- 1355 Open diskusjon.

1400 Avslutting

 

Påmelding til Øyvind Heimset Larsen  ohl@vestforsk.no tlf: 971 06 454 innan fredag 10.06.2013

VRI står for Virkemiddel for regional FOU og innovasjon. Prosjektet VRI 2011-13 som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Norges Forskingsråd.  Innan VRI er det danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.

Kontaktperson forskarprosjekt

Prosjektleiar Jon Gunnar Nesse

Telefon: 57 67 63 03

jon.nesse@hisf.no

 


Kontaktperson samhandlingsprosjekt

Prosjektleiar Jøril Hovland
Telefon: 482 19 780

joeril@kpsf.no

Nettstad: http://www.vrisfj.no/

Ny forskingsartikkel frå VRI

To forskarar ved Vestlandsforsking har publisert ein forskingsartikkel bygd på erfaringar og data frå VRI-arbeidet i 2007-2010:

Strand, G., & Skogseid, I. (2013). Management and Employees’ Collaboration: Is the Norwegian Work Life Model Suited for All? Systemic Practice and Action Research, 26(1), 53-74.doi:10.1007/s11213-012-9269-1

Her er lenkja til publikasjonen

Abstract:

Norway’s work life is known for its strong emphasis on the collaboration between employees, unions and managers. This article explores two case studies: two companies who are part of the same group of companies with the same owners, who are introducing broad collaboration. The same process was used to change employees’ participation in the development processes, but the results were different for each company. In this article we explore the factors that influence the implementation of broad collaboration between employees, unions and managers in the light of the Norwegian work life model and of the regional traditions. When introducing new collaboration patterns between managers, union and employees in a company, it is important to take regional traditions into consideration. One of the companies succeeded in implementing direct manager-employee collaboration, and the other company failed to implement broad collaboration. This article explores the reasons behind the different results. It further explores the experience from the two cases, and asks the question is the Norwegian work life model suited for all? The article suggests strategies for how to create an environment for broad collaboration in companies that have no such tradition.

(25.02.2013)