Forankring

Prosjektet Innovation in Rural Places er eit forskingssamarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, og er støtta av Sogn og Fjordane Fylkeskommunen og Norges Forskningsråd. Prosjektet er del av Norges Forskingsråd sitt VRI-program (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon), som går i perioden 2011-13.  Forskingsprosjektet inngår som ein del i det regionale programmet VRI Sogn og Fjordane

VRI Sogn og Fjordane er eit partnarskapssamarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane, LO Sogn og FjordaneNHO Sogn og FjordaneHøgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Partnarskapen vart etablert hausten 2006 i samband med oppstart av det fyrste VRI-prosjektet og avtalen vart fornya i samband med oppstart av VRI-2 hausten 2011. Formålet med partnarskapen var å få til ei sterkare kopling mellom næringslivet, verkemiddelapparatet og forskingsmiljøa i fylket.