Sluttrapportar i VRI2, oppfølging og om VRI RECIN 2014-2016

Prosjektet «Innovation in rural places – conditions and barriers» har undersøkt dynamikken i dei innovative miljøa i Sogn og Fjordane, ein region karakterisert av spreidd busetnad, ingen store byar, men mange små tettstader. No er alle sluttrapportane ferdigstilte. Du kan laste dei 10 prosjektrapportane ned her (sjå publikasjonar i høgre kolonne).

Prosjektgruppa er særs godt nøgd med prosjektresultata og samarbeidet undervegs.

Vi jobbar no med oppfølging for Sogn og Fjordane fylkeskommune i form av ein nettverksrettleiar samt med akademiske publikasjonar.

Vi vil og takke for all interessa som er vist for tema.

No er vi glade for å få vidareføre arbeidet og utvikle oss fagleg i eit nytt og spanande forskingsprosjekt, RECIN.  Her samarbeider vi med andre spennande FoU-miljø!

«Prosjektet «Regional Challenges and possibilities – Innovation and value creation in
business networks» skal se på hvordan deltakelse i nettverk og klynger bidrar til
kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping for bedriftene. Nettverk og klynger i de
fire regionene Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Rogaland og Østfold skal studeres»

Du kan lese meir om prosjektet på dette faktarket.

Vi skal sjå på på maritme nettverk i Sogn og Fjordane, slik Møre og Romsdal ogRogaland skal i sine fylke. Her ligg det til rette for mykje lærdom frå miljø og nettverk i ulik fase av si utvikling.

Det vert nye lærerike år fram til 31.12.2016!

God jul!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *