Flyttestraumar- mediesak om resultat i VRI-prosjektet

VRI-prosjektet har undersøkt flyttestraumar i fylket

Prosjektet har undersøkt innsatsfaktoren «Tilbod av arbeidskraft» og korleis denne påverkar innovasjonssystemet. I delprosjektet «Migrasjon av arbeidskraft & Etterspurnaden etter arbeidskraft» er det mellom anna søkt om tilgang til og analysert data (innhenta på dispensasjon) frå SSB om flyttestraumar og avgang og tilgang på bedrifter og arbeidskraft i bedrifter i Sogn og Fjordane.

Her har Førstelektor Torbjørn Årethun ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har sett nærare på kven det er som flyttar frå fylket. Ved å studere tal henta frå SSB har han funne at fråflytting tappar fylket for arbeidskraft.

Nrk SFj omtalar dette 08.11.2013 i «Høgt utdanna flyktar frå fylket». Saka har og fått omtale i Firda.

Funna Årethun har gjort i prosjektet vart presentert i seminaret på Skei 16.10.2013. Du finn lenkje til presentasjonen hans i nyhetssaka om seminaret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *