Seminar om innovasjon og innovasjonssystem i SFj: Tema er nettverka

Dato: 16.10.2013 kl 1000‐1515
Stad: Skei hotell

Innovasjon i Sogn og Fjordane? Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og spennande arbeidsplassar.

Innovasjon og nettverk er hovudtema når Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar. Etter å ha funne over 100 nettverk i fylket har vi studert FEM ulike nettverk for å finne ut korleis dei arbeider og legg til rette for innovasjon. Nettverka vi vil presentere resultat frå er Energiregion Sogn og Fjordane, Frukt og bær-klynga, aktivitetsbaset reiseliv, IT-Forum Sogn og Fjordane og to døme frå marin næring. Nettverka varierer i organisering, størrelse, alder og målsetting. Vidare presenterer vi nye funn knytt til flyttestraumar og spør om masterstudium er redninga for å behalde kompetansen. Seminaret vil legge vekt på dialog og drøfting av funna.

1000‐1010 Velkomst og kort om prosjektet – Direktør VF, Agnes Landstad, og Ingjerd Skogseid: Introduksjon om prosjektet og seminaret

1010‐1045 Er masterstudium redninga? Ungdom, flyttestraumar og kompetanse. Torbjørn Årethun:  Etterspurnad og tilgong på arbeidskraft

1045‐1100 Nettverkskartlegginga i Sogn og Fjordane: Korleis har vi arbeidd? Kvifor gjer vi dette? Frå 100 til 5 nettverk. Korleis kan vi analysere dei?

1100‐1200 Kva har vi funne ut om nettverka? Presentasjon av case frå Energiregion Sogn og Fjordane, Frukt og bær-klynga, aktivitetsbaset reiseliv, IT-Forum Sogn og Fjordane og to døme frå marin næring – spørsmål og drøfting Jon Gunnar Nesse om Energiregion SFj , Kristin Løseth om Aktivitetsbasert reiseliv

1200‐1245 Lunsj

1245‐1415 Kva har vi funne ut om nettverka? – (framhald)Øyvind Heimset Larsen om To marine case og eit nettverk , Guttorm Flatabø om IT-forum Sogn og Fjordane,  Kristine Skarbø om Frukt og grønt-nettverket i SFj

1415-1510 Kva betyr dette for verdiskaping i Sogn og Fjordane? For korleis legge til rette for innovasjon gjennom planprogram, slik som den kommande Verdiskapingsplanen. Presentasjon og drøfting leda av Ingjerd Skogseid og Jon Gunnar Nesse :Analyse

1510-1515 Kva forskar vi vidare på i VRI ?

Det deltok 33 aktive deltakarar på seminaret. Deltakerliste VRI2 Samling 1610

Påmelding til Øyvind Heimset Larsen  ohl@vestforsk.no tlf: 971 06 454 innan måndag 14.10.2013

VRI står for Virkemiddel for regional FOU og innovasjon. Prosjektet VRI 2011-13 som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Norges Forskingsråd.  Innan VRI er det danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.

Kontaktperson forskarprosjekt Prosjektleiar Ingjerd Skogseid Telefon: 916 96 016

ingjerd.skogseid@vestforsk.no

Nettstad: prosjekt.vestforsk.no/vri

Kontaktperson samhandlingsprosjekt

Prosjektleiar Jøril Hovland
Telefon: 482 19 780 joeril@kpsf.no

Nettstad: http://www.vrisfj.no/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *