Seminar om innovasjon og innovasjonssystem i SFj: Tema rekruttering

Dato: 14.06.2013 kl 1000‐1400

Stad:  Fosshaugane Campus, Sogndal (Fossbygget F220 i 2.etasje)

 

Innovasjon i Sogn og Fjordane? Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og som så søker høgare utdanning og spennande arbeidsplassar i næringslivet.

Klarer vi nytte dei ressursane vi har til det beste? Kva ramme er det for innovasjon i grisgrendte fylke som Sogn og Fjordane? Korleis arbeider vi med innovasjon? Er ungdommen motivert for å arbeide og bu her?

 

Rekruttering av arbeidskraft er hovudtema når Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar om innovasjon og innovasjonssystem i Sogn og Fjordane i samarbeid med VRI Møre og Romsdal.

I prosjektet VRI 2011-13 « Innovasjon i rurale områder – vilkår og barrierar» er vi opptekne av korleis vi legg til rette for innovasjon for å få best mulig utvikling i fylket.

Agenda:

1000‐1015 Velkomen og kort om prosjektet ved Øyvind Heimset Larsen og Jon Gunnar Nesse

1015‐1115 Kva særpregar ungdommar og unge vaksne som har lyst til å bu og arbeide i Sogn og Fjordane?  Torbjørn Årethun og Jon Gunnar Nesse om funn i VRI SFj

1115‐1130 Open diskusjon

1130‐1215 Lunch

1215‐1330 Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft? Finn Ove Båtevik frå Møreforsking/Høgskulen i Volda om funn i VRI Møre

1330- 1355 Open diskusjon.

1400 Avslutting

 

Påmelding til Øyvind Heimset Larsen  ohl@vestforsk.no tlf: 971 06 454 innan fredag 10.06.2013

VRI står for Virkemiddel for regional FOU og innovasjon. Prosjektet VRI 2011-13 som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Norges Forskingsråd.  Innan VRI er det danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.

Kontaktperson forskarprosjekt

Prosjektleiar Jon Gunnar Nesse

Telefon: 57 67 63 03

jon.nesse@hisf.no

 


Kontaktperson samhandlingsprosjekt

Prosjektleiar Jøril Hovland
Telefon: 482 19 780

joeril@kpsf.no

Nettstad: http://www.vrisfj.no/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *