Kronikk- Samarbeid må til for å skape vekst og utvikling i Sogn

Kronikken under av Ingjerd Skogseid stod på trykk i Sogn Avis onsdag 26.sept.

Sogne- regionen står overfor utfordringar knytt til konkurransen om å tiltrekke seg og behalde innbyggarar, kompetanse og næringsliv. Det er på tide å mobilisere for å sikre utviklinga. Det handlar om å bli betre til å handtere koplingar og samarbeide på tvers av organisatoriske barrierar.

I prosjektet Eit Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane peiker vi på utfordringar og faktorar som bidrar til utvikling av Sogn og Fjordane og som alle er like gyldige i Sogne-regionen; Utfordringane knytt til bustadskvalitet, arbeidsmarknad , næringsliv og tilgang til og bruk av kunnskapsmiljø. Vi kan ikkje løyse desse utfordringane med enkle grep, det krev langsiktig og målretta arbeid over tid. Vi kan heller ikkje løyse utfordringane ein av gangen, for dei er gjensidig avhengige av kvarandre. Vi vil heller ikkje klare å løyse utfordringane om kvar kommune arbeider med dei aleine, dei er for tett kopla saman. Det betyr breie satsingar, der personar, verksemder, kommunar og regionar samarbeider på tvers av grenser. Målet med prosjektet var å identifisere faktorar som skal bidra til langsiktig økonomisk vekst, og dermed til bevaring av livskraftige og attraktive lokalsamfunn. Prosjektet peiker på behovet for å komponere, integrere, spesialisere og samarbeide for å løyse utfordringane fylket står overfor.

Komponere refererer nettopp til korleis vi kan arbeide med utfordringane slik at dei gjensidig forsterkar utviklinga, korleis vi kan kombinere tiltak som styrkar regionen i forhold til dei fire utfordringane.

Integrere refererer til det å sjå ut over tradisjonelle grenser. Dette handlar om svært ulike ting – kan betre infrastruktur i form av vegar gjere at det vert lettare å bu ein stad og pendle til ein annan kommune for arbeid? Kan vi bygge tenester for næringslivet som treff betre om kommunane arbeider saman?  Korleis kan vi gjere nytte av kunnskapsmiljøa i Sogndal for å utvikle næringslivet?

Medan dei to fyrste strategiane – å komponere og integrere – handlar om politikkutforming på regionalt og lokalt nivå, omhandlar den tredje spesifikke næringar der Sogn og Fjordane har særlege føresetnader. Spesialisere refererer til at næringsliv og kunnskapsmiljø må konsentrere seg om område der regionen har ressursmessige unike eigenskapar.  I Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane peiker vi på område som fornybar energi og miljøteknologi, fiskeri og havbruk med vekt på linefiske, byggenæringa, tematisk reiseliv med særlig vekt på aktivitetar og helse og den maritime næringa som ein del av Maritimt Møre. I tillegg har IKT og kunnskapsbaserte tenester blitt prioritert, som ein tenesteytar og føresetnad for utvikling av dei andre næringane i fylket.

Den siste strategien det utløysande, der handlar det om vår evne til å samarbeide for å løyse utfordringane, samarbeide om å finne tiltak som kan bidra til at dei utvalde områda blir i stand til å realisere sitt potensial. Det gir grunnlag til å stille spørsmålet om korleis vi samarbeider i Sogn og Fjordane? Er det ein effektiv måte å samarbeide på?

Skal vi nå fram i kampen om dei gode hovuda og legge til rette for utvikling av næringsliv og samfunn må Sogne-regionen nytte dei synergiane som er mulig å få til gjennom samarbeid. Samarbeid for å utvikle meir attraktive bu og arbeidsregionar.  Vi må bli flinkare til å utvikle, dele og overføre kunnskaps og ressursar gjennom formelle og uformelle samarbeidsarenaer. Vi må bygge eit kontaktnettverk internt og til kunnskaps- og næringsmiljø i Norge og internasjonalt.  Gjennom slike samarbeidsarenaer kan offentleg sektor og næringsliv også vere med å utvikle nivået på og relevansen av utdannings- og forskingsinstitusjonane i fylket og andre relevante kunnskapsleverandørar i privat sektor.

I eit nytt prosjekt skal Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane sjå nærare på korleis vi samarbeider for å støtte opp om innovasjon i fylket. Vi har gjort ei første kartlegging av ulike samarbeidsarenaer i fylket, vi har kome fram til ei liste på over 100 samarbeidsarenaer som har noe med utvikling og innovasjon å gjere. Vidare framover skal vi sjå nærare på korleis noen av desse fungerer for å hente ny kunnskap som kan formidlast. Det dreier seg om nettverk på ulike nivå, noen interne i ei bygd, noen i ein kommune, noen på tvers av kommunar. Men om talet på nettverk var jamt fordelt vil det seie at det er minst 4 innovative nettverk i kvar kommune i Sogn og Fjordane. Er det rett ressursbruk? Kan arbeidet organiserast på anna vis for å få betre effekt?

Vi har enda ikkje svaret, men litteraturen på området fortel ein del om korleis ulike innovative nettverk bør settast saman. Her vil eg peike på behovet for å nytte og knyte til seg tilgjengelege og nødvendige kunnskapsresursar i form av personar med ulik kompetanse, og når slike manglar lokalt er det nødvendig med kontaktar ut av regionen. Med desse nettverka på plass er det viktig å kunne mobilisere til handling når moglegheiter opnar seg eller eksterne endringskrefter krev handling. I små samfunn utan store byar er det nødvendig at vi spelar på lag med kvarandre på tvers av kommune- og regionsgrenser, at vi deler kunnskap og erfaringar og arbeider saman mot felles gode heller enn å motarbeide kvarandre.

Om prosjektet:

Kronikken bygger på to prosjekt:

  • Sluttrapporten frå prosjektet ”Et kunnskapsbasert Sogn og Fjordane” vart lagt fram i vinter. Prosjektet føreslår nye tiltak og strategiar for å få til langsiktig økonomisk vekst gjennom eit meir og kunnskapsbasert næringsliv i fylket.
  • Prosjektet VRI 2011-13 som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Norges Forskingsråd. I VRI- prosjektet er vi først og fremst opptekne av korleis vi legg til rette for innovasjon i Sogn og Fjordane for å få best mulig utvikling i fylket VRI står for Virkemiddel for regional FOU og innovasjon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *