Kronikk- Etterlysing: god bustad og jobb

Torbjørn Årethun og Jon Gunnar Nesse ved HiSF med kronikk på trykk i Firda (19.09.2012) og Sogn Avis (19.09.2012)

Unge vaksne som kan tenkje seg å flytte til Sogn og Fjordane, legg mest vekt på ein god jobb og ein god bustad

På Framtidsfylkets nettstad er det registrert over 3.000 personar som i stor grad er positivt innstilte til å bu og arbeide i Sogn og Fjordane. Vi ville gjerne vite kvifor dei er så positive til dette. Gjennom forskingsprosjektet VRI 2011-13 har vi derfor spurt ca. 550 av desse personane om kva dei meiner om spørsmålet. Langt dei fleste av dei spurde er under 35 år og har utdanning frå universitet eller høgskule. Vi snakkar altså om unge, høgt utdanna personar. Vel 70 pst. er opphavleg frå Sogn og Fjordane. Alle 26 kommunar er representerte. Knappe 30 pst. hadde alt busett seg i fylket vårt. Dei øvrige bur stort sett i dei tre største byane i Norge.

I det følgjande skal vi konsentrere oss om dei som ikkje bur i Sogn og Fjordane, det vil seie folk som i hovudsak er busette i urbane strøk: kva skal til for å lokke desse til å bu og arbeide i Sogn og Fjordane? Vi sette opp ei liste over nokre kjende attraksjonsfaktorar, og bad deltakarane ta stilling til desse. Dei to viktigaste faktorane viste seg å vere karrieremulegheiter og ein god bustad. Jobb til ektefelle eller sambuar var faktor nummer 3.

At ein god og relevant jobb til seg sjølv og ektefellen er ein føresetnad for å flytte til Sogn og Fjordane er ikkje så overraskande, men vi var litt forundra over at ein god bustad var like viktig som jobb. Men det skal nemnast at i prosjektet «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» var bustadkvalitet nemnt som ein av fleire vilkår for å skape langsiktig økonomisk vekst i fylket vårt.

Faktorarar knytt til omgivnader og miljø; det vil seie natur og klima, tryggleik, fritidstilbod og oppvekstmiljø kjem fyrst på 4.plass. Deretter kjem krav til gode kommunikasjonar, som kan vere knytt til både samferdsle og breiband.

Først når vi nærmar oss slutten av lista kjem faktorar som bu- og levekostnader, kommunens tenestetilbod og kulturtilbod. Og aller nedst finn vi betydninga av eit variert næringsliv, butikktilbod og behov for å bu nær ein by. Dette betyr at mykje av det som har vorte trekt fram som eit minus ved Sogn og Fjordane, ikkje er blant dei viktigaste faktorane når denne gruppa av høgt utdanna personar skal velje bu- og arbeidsstad.

I tillegg lét vi deltakarane kome med forslag til andre faktorar. Ein gjengangar der var det vi kan kalle «klyngefaktoren»: ønske om at andre i same alder, gjerne vener, også flytter tilbake. Dette illustrerer at det er behov for eit visst miljø av personar i same alder (under 35) og kanskje også same utdanning eller arbeidsfelt. Dette er særleg viktig for å halde på folk som har flytta hit. Under arbeidet med denne undersøkinga vart vi kontakta av ein person som var i ferd med å flytte ut att av fylket. Hans problem var eit altfor lite miljø innan det fagfeltet han jobba. Han tok fleire initiativ for å betre på tilhøva, utan respons.

Resultata viser at bustadpolitikk er like viktig som næringspolitikk. Moglege tilflyttarar ser truleg etter bustader av høg kvalitet tilpassa den livsfasen dei einskilde er i. Kanskje vil dei ha sentrumsnære bustader med kort avstand til jobb og servicetilbod eller ein rommeleg einebustad i skogkanten. Dette veit me førebels lite om, og her trengs det meir forsking. Undersøkinga viser likevel at kommunane gjennom å leggja til rette for bygging av bustader i stor grad kan påverka tilflyttinga.

Også tilgangen på jobbar og eit fagleg nettverk har stor innverknad på lysta til å bu og arbeida i Sogn og Fjordane. Skal eit distriktsfylke trekkje til seg den unge arbeidskrafta, bør det difor leggjast til rette for at arbeidsplassar i tenesteytande næringar blir konsentrert i sentra slik at den einskilde kan gjera karriere og at han/ho kan vera i eit fagfellesskap med personar i omtrent same aldersgruppe. Dette kan vere eit argument for kommunesamanslåingar, eller i det minste at det blir etablert arenaer der personar med same kompetanse kan møtast.

Eit godt fritidstilbod, tryggleik i nærmiljøet og gode oppvekstvilkår kjem også høgt opp på lista. Her skulle det vere muleg å legge endå betre til rette for fritidsaktivitetar både på fjord og fjell, sommar som vinter.

Undersøkinga vår viser difor at dei faktorane som unge legg mest vekt på når dei vurderer å flytta til Sogn og Fjordane, i stor grad kan påverkast av lokale tiltak. Det lokalpolitiske handlingsrommet bør difor nyttast for å sikra ein god tilgang på kvalifisert arbeidskraft til fjordfylket.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *