Kronikk: Eldsjelene finst

Ove Oklevik og Jon Gunnar Nesse med kronikk på trykk i Ytre Sogn (29.juni) og Sogn Avis (20.juni)

At eldsjeler er ein avgjerande faktor i lokal og regional utvikling er vel ingen forundra over. Likevel er det greitt å få det dokumentert, slik det nyleg vart gjort i ein rapport frå Telemarksforsking, på oppdrag frå Distriktssenteret. Kommunane i Sogn og Fjordane kom ikkje så bra ut i denne rapporten. Så her stiller vi spørsmåla: Finst det eldsjeler i Sogn og Fjordane? Og kor mange er dei eventuelt? For den oppveksande slekts del er det no muleg å svare på desse spørsmåla, etter at ei stor ungdomsundersøking som nettopp er gjennomført i Sogn og Fjordane. Undersøkinga er ein del av prosjektet VRI 2011-13 (sjå faktaboks), og omfattar ca. 1100 avgangselevar i dei vidaregåande skulane i fylket.

Vi skal sjå på nokre resultat frå denne undersøkinga. Men aller først: Kva er ei eldsjel? I rapporten frå Telemarksforsking har ikkje dette omgrepet nokon klar bruksdefinisjon. Eldsjeler blir gjerne skildra som handlekraftige personar som tek initiativ og får til noko, gjerne trass i motstand. For å bli litt meir presise, vil vi presentere omgrepet proaktiv personlegdom. Dette omgrepet vart lansert tidleg på 90-talet av forskarane Bateman og Crant. Proaktive personar er personar som påverkar omgivnadene sine og får i stand endring. Dei ser etter mulegheiter, viser initiativ, handlar der andre nøler og står hardnakka på for å nå sine mål. Med andre ord: dette er eldsjeler. I forskinga på området har proaktive personar vorte knytte til entreprenørskap og innovasjon.

Men korleis kan vi måle proaktivitet i ei spørjeundersøking? Vi kan ikkje berre spørje folk direkte om dei er eldsjeler. Det vanlege i slike tilfelle er å utvikle eit sett med spørsmål som fungerer slik at dei som har bestemte eigenskapar blir «trigga» til å svare på bestemte måtar. Dermed kan vi skilje ut dei som ser ut til å ha dei eigenskapane vi er ute etter. Det er ein slik metode vi har brukt i vår undersøking.

Basert på eit relativt konservativt mål, fann vi at ca. fem prosent av elevane kunne klassifiserast som proaktive, altså mulege eldsjeler. Eller med andre ord, det var ca. 60 potensielle eldsjeler blant dei 1100 elevane. Vi skriv potensielle, for det er jo ikkje sikkert dei får sjansen til å spele ut sine talent. Dette siste har ikkje berre med eldsjelene sjølve å gjere, det dreier seg også om miljøet rundt.

Vi stilte også mange andre spørsmål til elevane. Dette gir oss mulegheit til å seie noko meir om kva som særpregar desse mulege eldsjelene. La oss ta nokre smakebitar:

Eldsjelmålet har ingen samanheng med lysta til å bli buande i fylket. Det vil seie at dei unge eldsjelene ikkje reiser frå fylket i større grad enn andre, og det skulle også vere like stor sjanse for at eldsjeler flyttar tilbake som at andre gjere det.

Eldsjelmålet har sterk samanheng med entreprenørlyst, definert som ønske om å starte og drive si eiga bedrift. Dette kan synast sjølvsagt, men er det ikkje. Ei eldsjel treng ikkje nødvendigvis å ha interesse for å starte bedrifter. Det å legge fram støtte for ein samanheng mellom proaktiv personlegdom og entreprenørlyst er derfor viktig. Og det støttar det som har kome fram i Sogn Avis i det siste om at eldsjelene er sentrale for å få i stand næringsutvikling.

Når det gjeld kjønn, viser det seg at det er fleire eldsjeler blant gutane enn blant jentene. Skilnaden er ikkje veldig stor, men stor nok til at vi kan seie at han er målbar. Årsakene til dette kan vi så langt berre spekulere i, men det er generelt eit faktum at norske menn har vore, og er, meir entreprenørorienterte enn kvinner.

Eldsjelene har betre nettverk enn andre; nettverk er då målt som høve til å få støtte frå familie og vener ved oppstart av eiga bedrift. Dette kan vere eit viktig funn. Kan det vera at eldsjelene har større entreprenørlyst og startar bedrifter i større grad enn andre fordi dei har stort nettverk, og ikkje fordi dei er eldsjeler? Vi i VRI-prosjektet kan ikkje gi noko endeleg svar på dette no, men vi vil kome attende til dette når vi har fått analysert talmaterialet grundigare.

Men førebelse analysar viser at det er godt muleg at eldsjelfaktoren held seg også når vi tek omsyn til fleire faktorar samstundes. Det viste seg at både det å ha nettverk og det å vere eldsjel hadde positiv effekt på entreprenørlysta. Om vi også testar for kjønn samstundes, held samanhengane seg. Gjennom våre førebelse analysar har vi dermed identifisert tre viktige faktorar som verkar inn på ungdommars entreprenørlyst: Eldsjels-, nettverks- og kjønnsfaktoren.

Vi må understreke at dette er førebels analysar, og vi vil kome attende til dette grundigare i form av framtidige rapportar og artiklar.

Men det er ingen tvil om at det finst mulege eldsjeler blant ungdommane våre. Om vi seier at dei utgjer fem prosent av kvart årskull, vil det vere nok til å få i stand mykje god utvikling i Sogn og Fjordane. Om dei får sjansen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *