Kronikk: Mindre industri – meir entreprenørskap?

Av Torbjørn Aarethun og Jon Gunnar Nesse publisert i Sogn Avis (16.nov 2011), Firda(16.nov 2011) og Ytre Sogn(18.nov 2011)

Siste tiåret har jentene i Høyanger og Årdal fått mindre lyst til å starte og drive eigne bedrifter. Gutane har derimot gått motsett veg, og blitt meir entreprenørlystne. Mest dramatiske er endringane i Høyanger, viser ei ny undersøking frå HiSF.

Både Høyanger og Årdal har vore gjennom store omstillingar i næringslivet dei seinare åra. Begge kommunane har mista mange industriarbeidsplassar. Sjølv om nye verksemder har kome til, viser tal frå Statistisk sentralbyrå at arbeidsløysa har auka sterkare i Høyanger og Årdal enn i resten av fylket dei siste ti åra. I denne perioden har det òg vorte auka nasjonal merksemd på entreprenørskap i skulen. Dei distriktspolitiske verkemidla er også i større grad enn tidlegare retta mot etablerarar.

Sett i lys av desse endringane, har vi freista å finne ut om ungdom i dei to kommunane har større lyst til å starte eiga verksemd no enn for ti år sidan. I vår spurde vi difor avgangselevane ved dei vidaregåande skulane i Høyanger og Årdal om kva dei tenkte kring framtidig yrkesval. Så samanlikna vi svara med dei vi fekk då vi spurde avgangselevane om det same for ti år sidan. Vi ser berre på elevane som budde i Høyanger eller Årdal. Frå Høyanger fekk vi svar frå 35 elevar i 2001 og 23 i 2011, og frå Årdal 35 i 2001 og 45 i 2011.

Vi kartla elevane si entreprenørlyst gjennom fem ulike spørsmål om korleis dei stilte seg til det å starte og drive si eiga bedrift. På grunnlag av svara på desse spørsmåla klassifiserte vi elevane si entreprenørlyst som høg, middels eller låg. Dei med høg entreprenørlyst har eit sterkt ønske om å starte eiga bedrift, medan dei som har låg entreprenørlyst, er svært negative til dette, og kan kallast anti-entreprenørielle.

Blant avgangselevane frå Høyanger i 2011 hadde 17 prosent høg entreprenørlyst. Dette var ein auke på 6 prosentpoeng frå 2001. I den same perioden har likevel andelen av dei med låg entreprenørlyst òg auka med 6 prosentpoeng.

Blant avgangselevane i Årdal i 2011 hadde 16 prosent høg entreprenørlyst. Dette var ein auke på 2 prosentpoeng frå 2001. Også blant ungdom i Årdal har det vore ein auke i prosentdelen med låg entreprenørlyst.

Om vi ser Høyanger og Årdal under eitt, har ikkje entreprenørlysta auka mykje. Faktisk har dei anti-entreprenørielle haldningane auka meir enn dei entreprenørielle. Kva kan vere årsakene til dette?

Store omstillingar i næringslivet og høg arbeidsløyse har to motstridande verknader på entreprenørlysta. På den eine sida vil dårlege økonomiske tider føre til mindre etterspurnad etter varer og tenester og dermed eit mindre behov for nye verksemder. På den andre sida vil fleire ha vanskar med å kome inn i arbeidslivet, noko som gjer at det å skapa sin eigen arbeidspass, vert meir aktuelt. Ein annan grunn kan vere at lønsnivået har auka monaleg meir enn den samla verdiskapinga i Noreg dei siste ti åra, noko som har gjort det meir attraktivt å bli lønstakar enn å bli bedriftseigar.

Ein tredje grunn at vere at entreprenørlysta på landsplan heller ikkje har auka. Prosentdelen av den vaksne befolkninga som er involvert i nyetableringar i Noreg, har halde seg stabilt i perioden 2002–2009. Ein fjerde grunn kan vere at fleire ungdomar i dag ynskjer å ta høgare utdanning før dei avgjer om dei vil starte eiga verksemd. Dessutan kan det tenkjast at

omstillingsarbeidet i dei to kommunane har vorte drive så profesjonelt at innbyggjarane har rekna med at nye arbeidsplassar ville kome som erstatning for dei som gjekk tapt.

Undervisning i entreprenørskap skapar ikkje nødvendigvis større motivasjon for å starte eiga bedrift. Gjennom slik opplæring vil elevane få ei avklaring på om dette er noko for dei eller ikkje. Då er det ikkje unaturleg at nokre vil konkludere med at dei heller vil bli tilsett enn sjølvstendig næringsdrivande.

Vi har òg sett på gutar og jenter kvar for seg., Då kjem det meir dramatiske endringar til syne. I 2001 var entreprenørlysta større blant jenter enn blant gutar i begge kommunane. Ti år seinare er det motsett. I Høyanger har jenter med høg entreprenørlyst forsvunne heilt i perioden (ned frå 13 prosent til null!). På den andre sida har talet på entreprenørlystne gutar auka kraftig i Høyanger, frå berre 8 til heile 29 prosent. Prosentdelen av jenter med låg entreprenørlyst har i perioden auka frå 9 til 22, medan dette talet er relativt stabilt blant gutane.

Tendensen er den same i Årdal, men ikkje så tydeleg som i Høyanger. I 2001 hadde 20 prosent av jentene i Årdal høg entreprenørlyst, i 2011 var dette redusert til 15 prosent. Tilsvarande tal for gutar hadde auka frå 10 til 16 prosent. Som blant jentene i Høyanger hadde også mange av årdalsjentene utvikla anti-entreprenørielle haldningar i perioden. Medan ingen av jentene hadde låg entreprenørlyst i 2001, hadde heile 25 prosent slike haldningar i 2011. Blant gutane derimot, hadde dei med låg entreprenørlyst vorte heilt borte (ned frå 5 til null prosent).

Desse skilnadene kan skuldast at jenter og gutar reagerer ulikt på endringar i den økonomiske aktiviteten på heimstaden eller at jenter i større grad enn gutar vel å ta høgare utdanning før dei tek ei avgjerd om å etablere eiga verksemd.

Ungdomar i vidaregåande skule tenkjer kanskje på ein entreprenør som ein som startar for seg sjølv innan eit yrkesfag, som frisør, butikkeigar eller bilmekanikar. Det er fyrst når dei er i høgare utdanning, at dei i større grad reflekterer over å starte eiga verksemd med utgangspunkt i det dei har lært. Sidan prosentdelen som tek høgare utdanning har auka meir for kvinner enn menn, vil dette kunne forklare ein nedgang i entreprenørielle haldningar blant jenter i vidaregåande skule.

Vi vil til slutt rette ein stor takk til personalet og avgangselevane ved dei vidaregåande skulane i Høyanger og Årdal som gjorde det mogleg å samle inn dette datamaterialet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *