VRI – Innovation in Rural Places

VRI står for verkemiddel for regional FoU og innovasjon. VRI 2011-13 er eit forskingssamarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norges Forskingsråd.

I VRI-prosjektet er vi først og fremst opptekne av korleis vi kan få meir innovative bedrifter i fylket vårt. Det er danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.

Meir om satsinga:

Forskingsprosjektet i VRI Sogn og Fjordane 2011-2013 «Innovation in Rural Places» skal studere innovasjonssystemet i Sogn og Fjordane, ein region karakterisert av spreidd busetnad, ingen store byar, men mange små tettstader.  Regionen har mange utfordringar: ein flyttestraum som fører til at unge i aldersgruppa 20-40 flytter meir ut enn inn, eit næringsliv med ei samansetting som gjer at lønnsemd og lønnsnivå er lågt og eit lågt utdanningsnivå.  Likevel er der innovative miljø, og prosjektet skal undersøke dynamikken i, vilkår for og barrierar i innovasjonssystemet i regionen gjennom studiar av a) eksisterande og veksande innovative nettverk, b)bruken av kunnskaps- og relasjonsressursar i arbeidet med å mobilisere til innovasjon, og c) mulegheitene for utvikling av innovative og konkurransedyktige verksemder.

Forskarprosjektets hovudmål er å forstå innovasjonssystemet i ein rural region som Sogn og Fjordane. Ei av hypotesane bak prosjektet er at dette innovasjonssystemet vil vere langt frå perfekt, og at det vil vere viktig å kome med innspel til avgjerdstakarar og politikarar om korleis innovasjonssystemet kan utviklast vidare.

—Basert på funna ønskjer vi på sikt å påverke politikkutforming i fylke – korleis legge eit best mulig grunnlag for innovasjon i samfunn som Sogn og Fjordane – eit fylke med mange små sentra, spreidd busetnad men utan ein urban motor som drar utviklinga.

Prosjektet er eit forskingssamarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, og er støtta av Sogn og Fjordane Fylkeskommunen og Norges Forskningsråd. Prosjektet er del av det regionale og nasjonale VRI-programmet (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon), som går i perioden 2011-13, og er del av partnarskapsarbeidet i Sogn og Fjordane.