Om stisykling i Sogndal kommune sin arealplan 2013-2023

I føresegnene til arealdelen heiter det følgjande om Stisykling:
«Omsynssone for stiar som er særskilt gode for stisykling. Tilrettelegging med handmakt for aktiviteten er tillaten etter avtale med grunneigar. Tiltak som krev bruk av tyngre maskinar er søknadspliktig. Sona er ei buffer på fem meter langs kvar sykkelsti. Stiane ligg på Stedjeåsen, Røvhaugane, Loftesnesfjellet, området Bjørkastølen – Eidsgrenda – Kvernhushaugen, Kaupangerholten, Dalåker, Hungerhaug, Svartahol og Amlaholten».

I planomtalen til arealdelen til kommuneplanen 2013-2023 heter det m.a: «Omsynssone for friluftsliv er sett for å syne verdiane av områda for ulike typar friluftsliv, i tråd med strategien om nyskapande friluftsliv i planprogrammet. Omsynssonene skal sikre at verdiane for friluftsliv vert teken omsyn til i anna planarbeid. Vi har teikna inn dei viktigaste sonene etter tilgjengeleg kunnskap og materiale. Sonene bør oppdaterast ved seinare rulleringar av kommuneplanen.»

Statistikk for besøk på turpostane, 2009-2013

Vertikal akse tal besøk. Kjelde: Kaupanger IL v/Gro Skjelle Fimreite

Figur turpostbesøk

Stivettreglene til Norsk organisasjon for terrengsykling (NOTS)

NOTS vil at syklistane tenkjer over korleis ein som syklist kan ta vare på stiane ein syklar på slik at dei kan vere til glede for alle, år etter år. Her finn du stivettreglane til NOTS

 

Kart over turpoastane til Kaupanger IL

Turpost Kart