Om stisykling i Sogndal kommune sin arealplan 2013-2023

I føresegnene til arealdelen heiter det følgjande om Stisykling:
«Omsynssone for stiar som er særskilt gode for stisykling. Tilrettelegging med handmakt for aktiviteten er tillaten etter avtale med grunneigar. Tiltak som krev bruk av tyngre maskinar er søknadspliktig. Sona er ei buffer på fem meter langs kvar sykkelsti. Stiane ligg på Stedjeåsen, Røvhaugane, Loftesnesfjellet, området Bjørkastølen – Eidsgrenda – Kvernhushaugen, Kaupangerholten, Dalåker, Hungerhaug, Svartahol og Amlaholten».

I planomtalen til arealdelen til kommuneplanen 2013-2023 heter det m.a: «Omsynssone for friluftsliv er sett for å syne verdiane av områda for ulike typar friluftsliv, i tråd med strategien om nyskapande friluftsliv i planprogrammet. Omsynssonene skal sikre at verdiane for friluftsliv vert teken omsyn til i anna planarbeid. Vi har teikna inn dei viktigaste sonene etter tilgjengeleg kunnskap og materiale. Sonene bør oppdaterast ved seinare rulleringar av kommuneplanen.»

Stengt for kommentarar.