Nye publikasjonar frå AREALKLIM

Omsider er samandragsrapporten klar. Den kan lastast ned her.

Halvor Dannevig og Carlo Aall har publisert ein vitskapleg artikel frå AREALKLIM i tidsskriftet Environmental Science and Policy. Artikkelen tek føre seg arbeidet Fylkeskommunen og Fylkesmannen gjer for å koordinere, vegleie og kontrollere klimatilpasningsarbeidet i kommunane, og rollen dei spelar som kunskapsformidlarar. Artikkelen synar at det er lite interesse frå kommunane om vegleiing og kunskap frå fylkesleddet med mindre dei får pålegg om endringar på planar som er sendt inn til høyring. Både seminar, møte og regionale planar har eit stort potensiale for auka formidling av kunskap om klimaendringar til kommunane. Artikkelen kan lastast ned her.

Comments are closed.