Notater om jordskred og skredfarevurdering publisert

Delrapporter til AREALKLIMs arbeidspakke 2 om jordskred og skredfarevurdering skrevet av Stein Bondevik, Rune Aa, samt et par studenter ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er  nå publisert og tilgjengelig på nett. Under følger et sammendrag av de ulike delrapportene:

Aa, A.R., Bondevik, S. (2014) Skredfarevurdering – kva kommunane sjølve kan gjere i arbeidet med skredfarevurdering. Notat 8/14. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Det er ein nær samanheng mellom utløysinga av jordskred og utviklinga av regnstormen Loke 14. november i 2005. Regnvêret kom innover Vestlandet frå nordvest og gjekk mot sør og aust. Jordskreda vart utløyste før klokka 09 nord for Sognefjorden og etter klokka 09 sør for Sognefjorden og i indre strøk, alle stader 4-5 timar etter den mest intense nedbøren kom. Det kom om lag 60 mm nedbør, eller > 5 mm/time i 10-11 timar før skreda vart løyste ut. Dette er 3-5 % av årsmiddelet for nedbør på dei ulike lokalitetane. Smelting av snø var ikkje nokon vesentleg faktor for utløysing av skreda, med unntak av indre strøk og i dreneringsområda over 500-600 m o.h. I alt gjekk det 139 skred i denne stormen på Vestlandet og dei utgjer ein del av datagrunnlaget for jordskreds- varslingsmodellen til NVE for Vestlandet.

Aa, A. R., S. Bondevik (2014) Jord- og flaumskred dei siste 10.000 åra. Notat 6/14. Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal.

I midt-holocen, då det var varmast og mest nedbør, var skredaktiviteten lågast. Høg skoggrense og tett skog, færre dagar med snø, og røter som både stabiliserer jorda og tar opp vatn, kan forklare noko av den låge skredaktiviteten i midt-holocen. For ca. 4000 år sidan auka skredaktiviteten markert på fleire lokalitetar, det hadde då vorte kaldare og lågare skoggrense. På vestlandet har arkeologar på ei rad lokalitetar funne skredlag med alder frå ca. 2400 kal år BP og ynge. Denne skredaktiviteten blir knytt til lågare tregrense på grunn av kaldare klima kombinert med utvida jordbruksdrift som førde med seg snauhogst over store område. Ei samanstilling av data påviser denne auken i skredaktivitet for aust- og vestlandet, men ikkje i Jotunheimen. Skredfrekvensen bakover i tid er ikkje i samsvar med prognosar om meir skred i eit varmare klima. Tvert om syner gjennomgangen vår at skredfrekvensen har vore høgare i kaldare periodar dei siste 10 000 åra.

Bondevik, S., Aa, A.R. (2014) Skred utløyst under uvêret Loke 14. november 2005. Notat 4/14. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Formålet er å gje eit oversyn over kva som bør vera med i ei skredfarevurdering, og vurdere kor stor del kommunane sjølve kan gjere av dette arbeidet. Ei slik skredfarevurdering kan delast i: 1. Innsamling av grunnlagsmateriale som ulike kart og data. 2. Feltarbeid, og 3. Samanstilling og vurdering. Kommunane kan sjølve gjere mykje av del 1, og spare tid og utgifter. Pkt. 2 og 3 må gjerast av fagfolk som fyller krava i NVE sine retningsliner.

Aktsemdkarta for skred syner oftast for store areal som er skredutsette, og feltarbeid vil erfaringsmessig avgrense desse skredutsette areala. Lokalhistorie er eit viktig grunnlag for skredfarevurdering, då databasen skrednett ikkje har med alle hendingar, og heller ikkje areal med rekkevidde for skreda, men berre punktregistrering. Rapporten gir også eksempel, mest frå bratt terreng på Vestlandet, på skredtypar som går inn i ei skredfarevurdering.

Bondevik, S., Aa, A.R., Medgard, T.H., Osland, O.S. (2014) Skredet på Kjelsneset – ein ny utløysingsmekanisme for jordskred? Notat 7/14. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Jordskredet på Kjelsneset i Jølster under stormen Loke 14. november i 2005 starta ved ei utglidning av torv i ei myr – ein uvanleg utløysingsprosess for jordskred i Noreg. Slike utglidingar er kjende frå UK og Irland som «peat slides» og/eller «bog bursts». Jordskred vert vanlegvis utløyste der skråninga er brattare enn 27o – her var skråninga mellom 21o og 25o. «Peat slides» er ikkje kjende tidlegare i Noreg og skuldast oppsamling av store mengder vatn mellom torva og morenematerialet under. Denne utløysingsmekansimen av jordskred er truleg ikkje så uvanleg på Vestlandet og bør studerast nøyare.

Comments are closed.