Delrapport fra prosjektet publisert

Rapport fra prosjektets første del – med en gjennomgang av sammenhengen mellom 10 historiske naturskadehendelser og arealplanlegging er nå offentlig.

I denne rapporten gjennomgår vi ti naturskadehendingar og naturfaresituasjonar på Vestlandet med tanke på om skadehendingane eller den oppstatte faresituasjonen skuldast: (1) dagens klima, (2) klimaendringar, (3) dårleg planlegging, (4) dårleg gjennomføring eller (5) andre forhold. Vi har funne følgjande:

  • For sju av dei ti hendingane har planlegging og utbygging vore i tråd med gjeldande regelverk. Men det er berre éin av planane for eit råka område som tematiserer naturfare.
  • Skredulykka i Hatlestad terrasse i Bergen er den einaste hendinga som framstår som heilt uventa. Også Balestrandulykka og eit jordskred i Midsund framstår som nokså uvventa hendingar. For alle dei andre hendingane eksisterte det lokal kunskap om naturfareproblemet.
  • Reint hypotetisk kunne ein redusert skadeomfanget vesentleg for dei fleste hendingane dersom dagens regelverk hadde vore følgt. Dette ville ha kravd ein grundig risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), og at ein i neste omgang hadde gjennomført sikringstiltak eller late vere å bygge ut arealet.
  • Fem av hendingane har skjedd i område utan reguleringsplan (såkalla LNF-område). Ved utbygging utan reguleringsplan er det berre i byggesaka ein kan avdekke naturare.
  • Gjennomføring og etterleving av planane har hatt liten innverknad på utfallet.

Dannevig, H., Groven, K., Aall, C., Brevik, R. “Kva kan vi lære av historiske naturskadehendingar for betre tilpasning til klimaendringar?” VF-rapport nr 8/2013. Vestlandsforsking. 52 sider.

Comments are closed.